- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
29

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

:29 —

Eg trur snaudt her er noko anna land der
kristne menneskje hev so lite vit paa
fedrelandskjærleik. Her i landet hev dei rekna jamvel
fedra-lands-songar for verdslege. For flest-al 1 e norske
kristne er det nyaste nytt dette aa elska fedralandet
i Jesu namn. Det er framuin andre Elias Blix som
vil læra oss det. I sahnane hans hev me ein
heilstøypt kristendom: alt høyrer Gud til, heiinane.
ungdomslivet, fedralandet, folkelivet. Berre med
den eine salmen: Gud signe vaart dyre fedraland
— held det norske folket paa aa verla eit nytt
folk.

Mange segjer: kristendomen maa vera nr. 1.
fedralandet nr. 2. Spursmaalet kjem sløgt og flokut:
du set vel ikkje det nasjonale høgre enn det
kriste-lege? Plent som dei vilde spyrja: kven er du mest
glad i, anten far eller mor? Det er eit ugudlegt
spursmaal.

Jesus hogg knuten tvert av. Eg tykkjer heint
fram morosamt kor llate dei vart desse kloke
jødiske teologane. Den mangslungne iloken vart meel
eitt so endefram og greid.

Kristendom og politik? Nei lat oss ikkje blanda
dei tvo i hop, segjer mange. ..Kristendomen hev
inkje med politiken aa gjera."

Me hev beiske minne fraa dei bruka
kristendomen i politisk parti-tenest.
„Kristendoms-upp-ropet" stempla vinstre i aatteti aari eit ukristelegt
parti’. — 23de sundag fall ordi harde og dømande
fraa mang ein preikestol i den ticli. Dei bannlyste
framstegs-tankane i norsk politik: folkestyret,
parlamentarismen, unions-politiken, sosialismen,
avhalds-saki, kvinne-saki o. s. b. Ura ikkje namn vart
nemnt, so var meiningi klaar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free