- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
37

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 37 —

urein, tankane dine er ureine, heile ditt liv ber
stygge fiekkjer av uheile og ureine tankar. Daa
skrik det upp inni deg: Jesus fraa Nasaret, kva
hev eg med deg? Er du komen og vil øvdeleggja
ungdomsmodet? og leggja ungdomslivet i lekkjor?

Bjørnson song" ein gong: ,,Til kamp da, o
venner, for kristendomslivet i os og i vore og længere
frem. Kamp det maa give som Gud er forsvunden
av, kamp for at livet kan kristnes fra grunden av.
Kampen for Kristus i aand og i form blusser kun
større i vantroens storm." Det er sant. Det er
mykje betre aa møta sterk mothug — enn denne
likesæla, der alt er som ein graa velling.

Her er meir egte kristendom millom norsk
ungdom i dag enn ein manns-alder sidan.

Ungdomen for Kristus! Kunde eg i dag faa
vekt stridshugen i denne store ungdomsflokken, so
dei reiste heim kvar til si bygd, kvar til sitt
arbeid, og tok striden upp mot det vonde, tok striden
upp i tru paa Jesu Kristi frelsarmagt, — ja daa
skulde det ikkje verta mykje att av djævelen her
i bygdene. Det er den einaste maaten me kann
verta kvitte styggemannen.

Eg veit her er mange som gjerne vil vera
kristne. Men — det er so mangt som stengjer.
Jesus veit raad. Det vonde skal ikkje raa med deg,
naar du gjeng til honom med det. Det vonde som
hev raadt med deg, det skal sleppa deg der du fær
leva under Jesu augo.

Det er i svarte-katekisma den vonde trui høvrer
heime: eg trur og i sanning linn at alltid her i
livet det vonde vinn. Det er djævletrui. Det er
vonløysa.

Jesu Kristi tru er den gode trui: at „over liden-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free