- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
41

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 41 —

Dei veit dei øydelegg mange med det. Dei veit
at folket veiknar, forsvars-evna mink ar i landet.
Men dei tener pengar paa det.

Dei segjer det nytlar inkje med kristelege ideal
i handel og politik. Men det er ikkje sanl. Me
som trur paa Gud, me trur og at ærlegl varer lengst.
— Eg veit ein landhandlar. Han hadde selt for
tusen kronor i drops eit aar. Serleg til horn. Daa
tok han fælske. Drops var det same som tannverk,
det laut han medgjeva. Han slutta aa selja drops.
Han vilde ikkje tena pengar paa det som var til
skade for folk. Trur du han tapa paa det i lengdi’?

Me maa svta for aa faa ei sovori moralsk lov
i høgsætet i handelslivet.

Det er den store skilnaden paa tollmennene i
Jødeland og liknande skarvar her i landet, at dei
ber hovudet like høgt, er velvyrde og veltrudde,
medan tollmennene paa Jesu tid var vanvyrde, mest
som spitalske. Dei gjekk med svidmerket paa seg.
Og det svidde mange av deim heilt inn i samvitet.
Difor kunde Jesus sjaa mun i aa taka seg av deim.

Ingen skal reng’ja det til at Jesus saag gjenom
fingrane med skarvestvkki deira. Jesus dømde
slikt likso strengt som jødefolket elles. Han vilde
reisa deim upp til sjølvvyrdnad, til nytt liv i pakt
med Gud. Han totte vondt i slike stakarar, som
gjekk der med domen yver seg. Nettupp slike
fortapte menneskje var det Jesus søkte. Han vilde
frelsa deim, det vil segja: han vilde gjeva deim
attende til Gud. Og han rekna paa det, at sol
ska-par liv.

Sjaa no paa Sakkæus. Liten av vokstr, og liten
i eigne augo. Eolk steina han med kvasse
augne-kast. Stortjuven fann ingi miskunn nokon stad.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free