- Project Runeberg -  Ljos og varme i Kristendomen /
49

(1913) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 49 —

Vil nokon vila vegen til kvitsundagen? Gjev
mange maatte segja med seg sjølve: Gud gjeve
meg ei rikare tru, so eg kunde faa bera ri kare
frukt.

Vegen til kvitsundagen — det er ein tarveleg
veg, det du. Han heiter umvendings-vegen. „Den
gamle leksa det, segjer du, som me er meste leide
av aa bøyra, dette at me skal umvenda oss." Fær
ikkje hjelpa. Her er ingen annan veg. Brukar du
vitet, so skynar du det: annan veg kann det ikkje
vera for ein syndar til Gud.

Fyrste ordi i teksti gjeng ut paa det same: den
som ikkje vil ganga umvendings-vegen, den er det
ingi raad med. „Den som ikkje eiskar meg, held
ikkje mine ord. Og mine ord er hans ord som hev
skapt himmel og jord. Dei gjeld som lov for alt
liv. Den som ikkje vil retta seg etter Guds vilje,
den kann eg ikkje frelsasegjer Jesus.

Var det smaatt stell med disiplane hans elles,
— den eine tingen hadde dei daa lært i dei tri
aari; aa ganga umvendings-vegen til Gud. Difor
varde det ikkje lenge fyrr Peter gjekk ut og gret
saart. Det var den graaten som det finst mykje av
paa umvendings-vegen. Det var ikkje fyrste venda
lian gjekk den vegen. Det var ikkje siste venda
heller.

Lat meg segja det beint fram: kristendom
utan umvending — det er noko inkjevetta det.
Det er berre ei soveputa, der du søv deg burt fraa
Gud.

Det kvittar eitt kva du søv paa. Anten du søv
paa at du er døypl og kontirmera, og meiner du
er god nok kristen, du treng ikkje umvenda deg.
Eller du søv paa at du er umvend, du vart um-

B. Th. Anker: Ljos og varme i kristendomen. 4

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 15:44:42 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ljosogvarm/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free