- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
7

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

FYRSTE BOLKEN.



Norsk natur
skein i norsk nomenklatur:
alle Norigs namn og nemne
strøymde mot meg, vart meg emne —
vart meg eld som heit slo inn,
meg til trøyst i sjæl og sinn:
vart han krasa, knekt og smala
sunder, malmen i vaart maal,
vilde sjølve steinan’ tala, —
gneistre til det brann eit baal
med ein eld som ikkje slokna
fyrr enn sjølve landet brast, —
til vaar merg og tunge storkna
skulde desse namn staa fast.

                        (Olav Aukrust: Hamar i hellom.)


Fraa norsk til dansk.



Den eldste tidbolken som me hev noko større med
skriftminne fraa i Noreg, er den gamalnorske tidi. I den
tidi skreiv dei stadnamni paa norsk. For dei brukte i
det heile for det meste heimemaalet her i vaart land i
skriftlege uppteikningar alt ifraa det fyrste dei tok til
med aa skriva.

Dei skreiv daa namni paa det same maalet som folk
tala. Den einaste skilnaden var at for ymse namn kunde
skrivemaaten litt um senn verta noko gamaldags. Skrift
brigdar seg seinare enn talemaal. Men jamt var det like
fullt eit nasjonalt grunnlag dei skrivne namnformene
bygde paa. Det var litt eldre og litt yngre norske former
dei synte fram.

Her er eit par prøvor paa korleis dei skreiv namni i
den tidi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free