- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
22

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Ein kann segja at fyrstundes i det 19. hundradaaret
var dansken i namneverket meir grunnfest enn nokosinne.
Og makti hans var i vokster: umdøypingi tok meir
og meir med seg. —

Og like vel var det ei mengd med norske stadnamn
som enno ikkje hadde vorte fordanska, det endaa um ein
ser burt fraa provincialismane i jordebøker og andre
skrifter. Det var den ovstore mengdi med namn som
framleides i det heile ikkje hadde fenge skriftform. I røyndi var
det dei fleste namni, som til daa ikkje hadde vorte
uppskrivne.[1] Dei livde paa folkemunn berre i norsk form.
Og dei namni som var fordanska i skrift, hadde
framleides si norske talemaalsform.

I dette laag det vilkaar for ein nasjonal reaksjon imot
dei danske skriftformene. Ein sovoren reaksjon var ved
denne tid ikkje so langt undan.


[1] Det er nok soleis den
dag i dag, og framtidi avgjer um slike namn no skal faa norsk
skriftform med ein gong eller ei.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free