- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
28

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

sikernes kaldes Lahore, Asjantiernes land, riget Kumassi,
for derved at anskueliggjøre herskerens alvælde og
landsboernes intethed.»

Innsendaren harmar seg ille for dei gamle
landskapsnamni, som hadde kome so tregeleg burt.

Og han undrar seg spottande yver kvifor det norske
folket i det heile — no etter frigjeringi fraa Danmark —
framleides «opbevarer de gamle uselvstændighedsmærker
med omhyggelighed istedetfor at lade dem falde sammen
ved deres egen raaddenhed. Ti — so stend der — saa
ugjenkaldelig tabt end det gamle sprog er, leve dog endnu
de fleste gamle gaardsnavne i en temmelig ægte form hos
det hele folk, saa-at de sikkert ville fortrænge de
danske og tyske, fra det øjeblik de sidste unddroges
regjeringens og lovenes kunstige opretholdelse.»

Etter dette tilrennet kjem innsendaren med det
praktiske framlegget sitt:

Der skal prentast ein ny matrikkel. Dér er høve til
aa gjera ein reform. I den nye matrikkelen burde ein faa
namni revidera av ein kunnig mann, som vart sett til det.

Innsendaren peikar endaa til paa ein mann — utan
aa nemna namnet —, som hev samla paa tilfang til
Noregs gamle geografi i mange aar or gamle pergamentbrev
og sogor, og som dessutan hev samla seg kunnskap i
detalj um Noregs topografi ved kartarbeid og ferder i
fedrelandet. Den mannen vilde vera høveleg til aa gjera
revisjonen, meiner innsendaren. Det er tydelegt at det er
kaptein Gerhard Munthe han meiner.

Innsendaren strikar under at det var ikkje berre
ortografiske rettingar han vilde ha, slike som Schougstad til
Skovstad, «eller Skogstad kanske». Det skulde vera ein
grundigare og nasjonal revisjon. Til prøve paa korleis
han tenkte seg det set han upp ei liste med namn fraa
Toten baade med den gamle skrivemaaten og med den
som han fyreslær. Dei revidera namnformene hadde ein
vitskapsmann hjelpt honom med, fortel han, og «udledet
af gamle dokumenter». Her er lista; i fyrste teigen stend

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free