- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
62

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

nedfallstidi. Difor hadde Staten fyrste skyldnaden paa
seg til aa faa ei umbot att.

«En fornyet hævdelse af de oprindelige navne paa
landets jord, der endnu lever i folkemunde, vil ogsaa
stemme vei overens med den almindelige nyreisning af
stat og nationalitet, som i vor tidsalder har været og er
vort folks store opgave.»

Dei burde nytta det gode høvet no naar den nye
matrikkelen skulde koma.

Framlegget tok elles ikkje med berre gardsnamni. Det
peika paa at dei andre stadnamni hadde òg vorte
forrengde; namn paa bygder, sætrar, fjell osb. Og desse
namni med turvte koma inn under «offentlige
foranstaltninger».

Brevet fraa Vonheims-mennene lyktar med eit
utforma utkast til Stortings-vedtak. Det er soleis:

«Regjeringen anmodes om at træffe foranstaltninger
til, at gaardsnavne, bygdenavne og andre stedsnavne maa
blive skrevne paa en rigtigere maade i overensstemmelse
med bygdetalen og den oprindelige form.» [1]

— For det andre gjorde riksstyret gjenom
Finansdepartementet upptak til ein revisjon etter sine interessor.

Finansdepartementet var ute litt tidlegare enn
Vonheims-mennene. Det hadde alt vendt seg til professor Oluf
Rygh i 1877, og bede honom um ei sakkunnig umsegn.
Det vende seg daa til ein mann som sidan kom til aa
arbeida med dei norske gardsnamni heile sitt liv. Han vart
namngjeten, og med rette, for det vitskaplege arbeidet sitt
med desse namni; men for uppnorskingi av dei gjorde
han ikkje so stort arbeid.

Oluf Rygh hadde sendt inn ei lang utgreiding som er
dagsett den 27. december 1877.[2] I denne utgreidingi gjer
Rygh framlegg um ymse rettingar i matrikkelen. Han
fyreslær at dei skal faa burt berrsynte og støytande,
«usømelege» inkonsekvensar, som der var so mange av, —


[1] Stort.-forhl. 1878. 5 d. dokument nr. 4.
[2] Departementstidende
1878, s. 257—267.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free