- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
76

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

dansk-svenske maalstrævarar; det lyt vera vituge og
klaartenkte norske menn, som veit aa taka tingen som
han snur, og som ikkje er rædde aa bøygja seg fyr det
røynlege og sanne.                                 G.

Dette avis-ordskiftet var tett framfyre namnesaki
skulde upp i Stortinget.

I Stortinget hadde dei sendt Vonheims-framlegget til
Konstitusjonsnemndi den 21. februar. Formann i nemndi
var O. Richter, som sjølv var med i
hovudmatrikulerings-kommissjonen. Konstitusjonsnemndi gav si tilraading den
14. juni. Etter det formannen upplyste seinare i Tinget,
var det elles ikkje nokon innan nemndi som hadde skrive
tilraadingi, men ein repræsentant utanfor nemndi (truleg
Ludvig Daae).

Nemndi stelte seg i princippet heilt paa same sida som
Vonheims-mennene. Ho meinte at tidi maatte vera
høvelegare enn nokosinne fyrr til ei namnebøting. For i
tusundtal med gamle skøytor og andre brev hadde no vorte
prenta, og likeins dei mætaste jordebøkene. Dermed
hadde det vorte lettare aa faa greide paa korleis namni hadde
sét ut i gamall tid. Og paa hi sida hadde dei norske
maalføri og tilhøvet deira til gamlemaalet vorte grundigt
granska. Det maatte difor no vera raad til «i meget stor
udstrækning at restituere de fuldstændigt forkvaklede former
og at bringe skrivemaaden af navnene i almindelighed i
nærmere forhold til udtalen». Og nemndi tok upp
at
t, ordrett, «grunnsetninganaat
Konstitusjonsnemndi fraa 186
9. Ho gjorde berre eitt
brigde. Ho strauk den siste bolken, at dei lause tilleggsordi
for lægje skulde retta seg etter «det sædvanlige
skriftsprog».

Men praksis, med kravi for dagen, var ikkje fullt so
sterk som dei teoretiske præmissone denne gongen heller.
Nemndi let det vera med den kommissjonen som
riksstyret hadde tilsett. Ho kriticera det programmet som
riksstyret fraa fyrst av hadde sett upp for kommissjonen, at
det var for trongt. Men etter den utvidingi av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free