- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
84

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Finansdepartementet i 1877 hadde Oluf Rygh kasta ut ein plan for
korleis dei helst burde fyrebu ein vitskapleg
matrikkelrevisjon. Men han hadde halde arbeidet for aa vera næmast
uvinnelegt. No tok kommissjonen upp dette store
arbeidet like vel. Dei samla inn systematisk upplysningar um
korleis folk uti bygdene uttala namni sine; og dei samla
upplysningar um korleis namni var skrivne i eldre kjeldor
nettupp etter den vidfemnande planen Rygh hadde kasta
ut. S. Bugge og Rygh samla inn upplysningane um uttala,
serleg paa eksismoar, paa lærarskular, og elles der
landsfolk møttest. Og Rygh aaleine gjorde det velduge,
trøyttande og tidkrevjande arbeidet med aa skriva ut namni or
midalderskjeldone og or ymse serior med yngre kjeldor som
han valde ut. Han gjorde òg arbeidet med aa leggja
materialet til rettes for kommissjonen. I juni 1882 lagde han
soleis fram eit heilt stort verk paa 408 foliosidor um
korleis tilhøvet millom uttale og skrift var for gardsnamni.[1]
Mykje i det verket hev verd enno. — Kommissjonen var i
hovudsak ferdig med aa samla inn materialet sitt i 1886.
Den nye matrikkelen vart autorisera ved kgl. res. den 29.
mai det aaret. Prentingi tok til hausten 1887, etter kgl. res.
fraa 6. decbr. 1886. Oluf Rygh stod fyre prentingi
(1887—1892), og førde igjenom dei principp som kommissjonen
hadde vorte samd um.

Vitskapleg sét vart revisjonen av matrikkelen fyrebudd
paa det beste denne gongen — det er ikkje aa samanlikna
soleis med det som vart gjort eller hadde vore mogelegt i
1838. Ein tarv berre minna um at det materialet som for
det meste Rygh hadde samla, i hop med dei
uppteikningane han hadde gjort um kva namni tydde, med tidi vart
grunnlaget for verket «Norske Gaardnavne». Det er eit
monumentalverk i norsk vitskap.[2]


[1] «Gaardnavnenes skrevne former og udtaleformerne». Uprenta.
[2] I fyreordet til innleidingsbandet gjev Rygh greide paa kven som
gjorde upptaket til aa faa handskrifti til «Norske Gaardnavne»
utgjevi. Det var 8 stortingsmenn i 1896 som søkte um riks-løyving til
det. Attaat dette kann leggjast, at den fyrste og eigenlege
upptaksmannen var Marius Hægstad, som var stortingsmann den
gongen. Daa han fekk sjaa manuskriptet i Riksarkivet, vart han reint
uppglødd med det same, fortelst det; og so fekk han nokre av
kollegane sine med paa ein søknad (fyrstearkivar Chr. Brinchmann,
munnleg). Hægstads namn stend òg fyrst under søknaden. — I det same
fyreordet nemner Rygh at det kom framlegg fraa fleire sidor um aa
faa retta «saavidt muligt — — de mange inkonsekvenser og feil» som
fanst i den gamle matrikkelen. Han hev daa visseleg òg tenkt paa
framlegget fraa Vonheims-mennene. Men upplysningi um det vert
ufullstendig. Det var ikkje berre «inkonsekvenser og feil» slik som
dette her er meint hjaa Rygh, som Vonheims-mennene o. fl. vilde havt
retta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0084.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free