- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
96

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

— gjenom Kyrkjedepartementet — ein kommissjon som
skulde granska paa breidt grunnlag spursmaalet um aa
revidera dei kyrkjelege og civile inndeilingsnamni, og koma
med ei sakkunnig tilraading. Denne kommissjonen vart
tilsett den 6. januar 1902. Naar det drygde so lenge, kom
det av at departementet venta til dess det fekk pengar til
raadvelde hjaa Stortinget. Med i kommissjonen fraa fyrst
av vart professor Gustav Storm, formann,
hypotekbankdirektør, var daa, Ebbe Hertzberg, og professor Marius
Hægstad. I april 1903 døydde Storm. Ebbe Hertzberg vart
daa formann (i oktober 1903). Paa same tid vart
kommissjonen auka so han vart paa fire mann. Dei tvo nye som
kom til, var biskop A. Chr. Bang og professor A. Taranger.
Kommissjonen tok U. A. Motzfeldt til skrivar.

Arbeidet aat kommissjonen kom til aa kvila ei lang
stund etter Storm var avliden. Det vart ikkje uppatteke
fyrr etter nyaar 1905. I juni 1905 var tilraadingi ferdig.

I kommissjonen var det nokso ulike synsmaatar. Det
Veir baade «maalmenn» og «riksmaalsmenn» der.
Professor Hægstad var i mykje usamd med dei andre i nemndi.
I fleire høve vart det difor baade eit fleirtals- og eit
mindretalsframlegg. I slike høve er det Hægstads synsmaatar
som seinare mest hev vunne fram. Paa mange viktuge
punkt lukkast det like vel kommissjonen aa arbeida seg i
hop til ei samrøystes tilraading. For i mangt hadde
nemndmennene sams grunnsyn. Fyrst og fremst var dei samde
um aa leggja sterk vekt paa det historiske i vid meining og
paa det etymologiske, og paa samanheng og einskap.

Kommissjonen raadde til at dei skulde byta nemningane
«amt» og «stift» um med syssel og bispedømme
(Hægstad: sysla, bispedøme). For «provsti» fyreslo
kommissjonen prostedømme (-døme), og for
«sorenskriveri» domssogn (-sokn). Nemningi domssogn
hadde alt kommissjonen raadt til medan Storm var
formann, i ei umsegn til civilprocesskommissjonen dagsett den
103 1902. Riksadvokat B. Getz hadde fyreslege at dei
skulde kalla underrettskrinsane (skrivardømi) for fylke; det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0096.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free