- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
102

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

enn dei hadde vorte i 1886. Difor vart dei daatt med daa
Finansdepartementet sette professor Hjalmar Falk —
fyrste formannen i Riksmaalsforeningen — til aa ha tilsyn
med namni. Dei ottast dette vilde føra til at ein ikkje
berre vart staaande paa same staden, men endaa til kom
attum
matrikkelen fraa 1886. Det kom fleire kvasse
avis-innlegg um dette paa baae sidor av nyaaret 1903. «Den
17. Mai» [1] tykte at menn som Hans Ross, prof. Hægstad eller
prof. Seippel burde ha vore sette til aa «faa skikk paa alle
desse burtskjemde namni». «Dagbladet» [2] vilde ha Ross og
Steinar Schjøtt ved sida av Falk. Serskilt var det ein
innsendar i «Dagbladet», han kalla seg «Haaløyg», som var
ihuga. «Det bør for enhver pris forhindres,» skreiv han,
«at vore vakre norske navne nu i den nye matrikul
befingres, forfuskes og forfalskes.» Slikt vilde valda stor harm
allstad i landet; ikkje minst vilde dei harma seg i
sjødistrikti der dei hadde so mange namn paa -øy, og daa
«skulde maatte gjøre munden til tryne for at faa frem den
klissede danske -ø». Dersom ikkje departementet
offentleg gav tryggjande og fullnøgjande upplysningar, burde
maalmennene i Tinget manna seg upp til ein interpellasjon.
I Stortinget interpellera dei um det som mindre var, meinte
han. «Haaløyg» var sorenskrivar i Lofoten C. F. Havig.[3]
Fraa andre kantar òg kom det innlegg, noko seinare. Ein
innsendar i «Aftenposten» den 115 nemnde nokre rettingar
han vilde ha gjort, og ein annan 58 (O. Olafsen) fyreslo at
dei skulde veja ei namnenemnd paa tvo-tri mann for kvart
herad til aa gaa igjenom matrikkelen for kvar bygd.[4]


[1] 2012 1902.
[2] 191 1903.
[3] «Dagbladet» 181 1903. Den 20. i same
maanaden sende sorenskrivar Havig inn beint til Finansdepartementet ei
lang liste yver gardsnamn i hans skrivardøme som var rangt eller
dansk skrivne. — Alt den 141 1902 hadde han fenge seg specielt løyve
hjaa Justisdepartementet til aa skriva Gimsøy og Værøy i staden
for Gimsø og Værø.
[4] Jfr. her framanfor s. 65. — Fulla var det dei
som arbeidde hin vegen òg. Professor Amund Helland sende inn ei
fyreteljing til riksstyret den 221 1903, medan avisskrivingi stod paa;
han talde til at dei skulde brigda namni i matrikkelen so lite som
mogelegt — dersom dei daa i det heile framleides vilde fylgja
princippi aat Rygh og Bugge og Fritzner. Moltke Moe hev òg skrive
under den fyreteljingi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free