- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
109

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

departementschefen skulde no professor Hægstad og professor Falk
redigera matrikkelen for Nordland og Trums saman. Dei
skulde gjenomføra dei brigde som professor Hægstad
hadde gjort framlegg um. Matrikkelen for Sud-Noreg hadde
dei soleis til slutt ikkje retta seg etter. — Med dette byrja
det lange samarbeidet millom professor Falk og professor
Hægstad, som skulde faa so mykje aa segja for
norskdomen i namneverket.

Enno var dei ikkje komne framum alle skjer.
Finansdepartementet hadde millombils stogga prentingi for
Nordlands amt daa det vart aalvorleg tale um revisjon; Falk
og Hægstad laut og ha litt tid paa seg. Men daa sende det
forleggjarfirmaet som gav ut matrikkelen (Stenersen & Co.)
eit decidera brev til Finansdepartementet. Det hadde
ikkje noko imot landsmaalet, skreiv det, men det heldt seg
til kontrakti, og det kravde at matrikkelen for Nordlands
amt skulde vera prenta og ferdig til ekspedisjon
fyrstundes i december. Firmaet neitta aa samtykkja i nokon
namnerevisjon som vilde seinka utgjevingi og gjera at
heile verket vart seinare fullferdigt enn avtala var. Dette
brevet er skrive den 2610. Matrikkelen for Nordlands amt
skulde soleis reviderast, prentast ferdig og bindast inn paa
godt ein maanad!

Men no stod departementet fast. Og endeleg den 711
melde det til den energiske sorenskrivaren i Lofoten: «I
anledning af hr. sorenskriverens skrivelser senest af 30.
septbr, og 21. oktbr, sidstleden angaaende gaardsnavnenes
skrivemaade i den nye matrikeludgave skal man meddele,
at nu ogsaa professor Flægstad sammen med professor Falk
gjennemgaar manuskripthæfterne for samtlige herreder i
Nordlands og Tromsø amter og herunder vil tage under
overveielse de af Dem i forskjellige skrivelser fremsatte
sproglige bemærkninger.» Det segjer seg like vel sjølv at
det vart mykje vanskelegare for namnekorrektørane naar
forleggjarfirmaet heldt so strengt paa kontrakti. Dei laut
taka avgjerd utan vidfemnande etterrøkjingar, ogso for
tvilsame tilfelle, og skipa revisjonen soleis at dei framfor
alt vart snøgt ferdige.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free