- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
113

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

civilprocesslovi, hine hadde det synt seg at det var so mange
skilde meiningar um. Paa den maaten skulde det verta
lettare aa faa fram til endeleg fyrehaving resten av namni
(bispedøme, fylke, herad, lensmannsdistrikt). Eit grip til
aa faa saki snøggare fremja var det at Bryggesaa tilsette
ein faamennt kommissjon (Hægstad og Falk); dei tvo
hadde sjølve i 1911 slege paa at det burde vera ein historikar
ogso med i ein eventuell ny namnekommissjon; dei hadde
nemnt Yngvar Nielsen.[1] — Alt den 11. februar 1915 hadde
Hægstad og Falk ferdig si tilraading. Ho er prenta.[2] I
framsendingsbrevet til Kyrkjedepartementet skreiv dei m.
a.: «Idet vi hermed fremlægger for departementet
resultatet av vort arbeide, mener vi at turde uttale, at de
spørsmaal som det her gjælder at avgjøre nu maa siges at være
saa længe og saa indgaaende behandlet og belyst fra de
forskjellige sider, at der neppe kan ventes at fremkomme
mere av væsentlig betydning til oplysning i saken. I saa
henseende maa disse spørsmaal efter vor mening nu være
fuldmodne til avgjørelse, hvad man ogsaa kunde være
berettiget til at haabe efter en ventetid av 14 aar fra den
dag Stortinget uttalte det ønskelige i en forandring av vore
uheldige navneforhold i national retning.»

Hægstad og Falk fyreslo etter nye historiske og
spraaklege etterrøkjingar fylke til avløysar for det unorske
«amt», ikkje «syssel» (sysle) som kommissjonen fraa 1902
hadde gjort.[3] For «stift» fyreslo dei bispedøm(m)e.
Dei tok upp att framlegget aat kommissjonen fraa 1902
um namni paa bispedømi. For fylki fyreslo dei namn i
samsvar med dei synsmaatane som Hægstad hadde halde
fram i kommissjonstilraadingi i 1905: fylki skulde ikkje
heita etter byar, det skulde vera røynlege landskapsnamn


[1] Stort.-tid. 1914. Odt., s. 598 f.
[2] «Bilag I til Ot. prp. 55 1918.
Prenta 1915.
[3] «Ordet fylke — slutta dei den bolken av utgreidingi —
er rundet av norsk rot og er likesaa gammelt som vor historie. Det er
uadskillelig fra minderne om rikets samling og vor første
selvstændighetsperiode. Det delte rikets og folkets skjæbne og kom i forfald med
landets forfald. Intet er da rimeligere end at det i den nye nationale
reisningstid igjen kommer til den værdighet det fortjener.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free