- Project Runeberg -  Gitanjali (Song-offer) /
59

(1918) [MARC] Author: Rabindranath Tagore Translator: Lars Eskeland
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - L

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

59
L
Eg hadde gått på tigging frå dør til
dør frametter landsbyvegen, då gullvogni
di synte seg langt burte som ein skin
ande draum, og eg undrast kven han var
denne kongen yver alle kongar.
Vonene mine steig høgt, og det totte meg
at dei vonde dagane mine var til endes
komne, og eg stod og venta på at du skulde
gjeva ålmosor übeden og spreida rikdom i
sanden til alle sidor.
Vogni stoppa der eg stod. Du fekk auga
på meg, og du steig ned smilande. Eg
kjende at livslukka mi var komi endeleg.
Då rette du brådt ut høgre handi di og sa :
n Kva hev du å gjeva meg?"
Å for ein kongeleg skjemt det var å opna
handi til ein tiggar og tigga. Eg vart ør
og stod uviss, og so tok eg ut or posen min
eit ørlite korn og gav deg det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 19:50:29 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nogitan/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free