- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
18

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

18

Me hev set no, at Songdansen er ein god
Skule baade for Baan og vaksne; dei fine
Songane og dei morosame og i alle Maatar friske
og sømelege rytmiske Børslur utviklar Kropp og
Sjel samstundes. Eg er aldri i finare og
huglegare Lag enn Songdanslagi. Og møter eg ein
ung Gut eller ei ung Gjente som hev lært seg
Folkevisur og dansar etter deim, hugheile og
glade, so veit eg, at det er frisk, framhuga
Ungdom som eg aldri vil finna i Lag med Geiparar
og Garpar eller paa nattlege Sluskeferdir
frametter Vegane.

Sidan fyrste Utgaava av «Songdansen i
Nordlandi» kom ut, hev eg vori paa mange
Danseferdir kring i Lande, og eg hev lært og
røynt eit og anna, so eg vonar denne Utgaava
skal bli noko betre; ikkje minst vonar eg, at
Bilæti vil gjera Skildringi av dei ymse Dansane
meir livande.

Skildre Dansen soleis at ein kann lære aa
danse berre etter Skildringi, det vil eg ikkje
freiste no meir enn fyrr, av di det etter mi
Røynsle er raadlaust; men for deim som hev
set og lært noko, skulde denne Boki bli til
Hjelp i Arbeide lenger frametter, tenkte eg. Og
kunde ho gjeva ein og annan Hug berre til aa
lære norske Visur, so var ho endaa ikkje skrivi
til Faanytte.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free