- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
38

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

38

og Kyrkja. Og ned i Jordi høyrde dei «Yl og
Gaul», stend det. Denne Sogo vert fortald fraa
ymse Stadir paa Island.

Fraasegnir um dei fæle Danse-Farsöttine i
Tyskland (ikr. Aar 1400) hev kannhende og naatt
upp-yvi og vorti brukte til Skræmsle, daa
Dansen tok til aa bli for vill og ufolkeleg. Etter
Skildringar av dei mest utøymde og lausgjevne
islandske Danseleikane, skynar ein, at der hev
vori mangt som hev minnt um St. Veitsdansen
og Johannesdansen,1 og som kunde vekkje Rædsle
for Styggedomar av det Slage som ein saag so
mykje av i Tyskland daa i lange Tidir.

Det var reint som del fløymde med
Strids-skriftir mot Dans rundt i Landi no; og det gjer
heilt upp godt aa høyre den rolege og vituge
Tale som Luther førde i denne Saki. Han
segjer mill. a.: «Daa Dans hjaa oss er
Lands-skikk, likso vel som aa beda Gjestir, pynte seg,
eta, drikke og vera glad, so veit eg ikkje aa
fordøme han, utan naar han er tuktlaus eller
vert drivin til Umaate. At Synd og Last finst
saman med Dans er ikkje Dansen si Skuld, men
den vonde Hugen hjaa dei som dansar. Liksom
det ikkje er Maten eller Drykken si Skuld at
some et eller drikk seg til Svin. Der det gjeng

1 Kalla so av di dei dansegalne som for etter Vegine
i religiøs Ørville vart gode att. naar dei vart borne inn i
Kyrkjur som var vigde til St. Veit eller St. Johannes. So
trudde allvisst Folke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free