- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
49

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

Paa sovori Vis er vel mangt komi inn i
Visune som ikkje der høyrer heime, — mykje
av det som er vandt aa skyna med.

Sermerkt og fager er den islendske Visa
um «Olafur Liljuros», endaa ho er mindre
heil enn den norske. Teksti er handsama reint
fritt; det nye er at Olav ver seg mot Alvemøyi
ikkje berre av di at «i Morgo skal hans
Bryllaup staa», men av di han er ein Kristen og
heller vil paa «Herren tru», enn «millom Alvar
bu». Kvart Vers hev tvo Linur og eit
Millom-stev paa ei (som i dei andre Nordlandi); men
Ettersteve hev tri Linur, og det skulde tyde paa,
at Visa paa Island lengst hev vore nytta til
Dans. For dei lange Stevi er laga for Dansen ;
dei stuttnar naar den gjeng utor Bruk, og vert
sistpaa ofte reint burte.

Tonen er paa Island sterk og eggjande og
full av nordisk Mystik, reint motsett den blide,
yndefulde danske. Og framifraa god Dansetakt
hev han; Songen er daa og tekin upp millom dei
norske Dansevisune; heile den islendske Teksti
stend i «Norske Dansevisur».

Til den norske «Olav Liljukrans» er der ein
lin, sorgfull Tone som likeeins er god til aa
danse etter. Teksti likjest den danske, men hev
mykje nytt. Det er «Elvekona», som her talar
til Olav og byd han Dotter si, og Bruri hans
drep seg med Sverde hans, daa ho fær vita han
er daud — det er sterkare og meir dramatisk.

4 — Garborg: Soug<lansen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free