- Project Runeberg -  Songdansen i Nordlandi /
68

(1913) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

Del gregorianske Notesysteme skal vera meir
høvelegt aat Folkevisune.1 Mange av Visetonane
minner og sterkt um Kyrkjemusik.

Naar me dansar til Visur me hev lært etter
Notar, so maa me ofte brigde litt paa Tonen,
um vel skal gaa; visst er det, at ingen
Song-maate høver so godt til Dansen som den gamle
færøysk-norske. Til Song etter Nymaaten maa
Dansen og faa eit anna Lag, ein annan Svip.

Dette hev ikkje vori den minste Vansken i
Arbeide med Dansen. Sjølvsagt kann me ikkje
lære aa syngje som dei gamle song; me fær
lempe oss tilrettes so godt som me kann med
vaar Songmaate. Elles kunde Visedansen ikkje
vinna Rom og Liv no.

Hovudsaki er aa gjera baade Songen og
Dansen livande att.

I Danmark hev den kjende Vitskapsmannen
Axel Olrik i Lag med Tonemeistaren Thomas
La ub gjevi ut eit Hefte gamle danske
Folkevisur, der Musiken er lagd til Rettes for kvart
Vers i Visa; det hev sagte vori Tanken aa
hjelpe Folk yvi Vanskane med den regellause
Teksti. Og der vil vera god Rettleiding i dette
for musik-kunnigt Folk. Men kjem ein fyrst
til aa danse Visune, og liver seg inn i Tone
og Tekst og i sjølve Dansen, so vil ein greie
seg utan serskild Notesetjing. Det skal berre
Tid og Tame til.

1 Sml. Krik Eggen: Norsk Salmesong.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 20:56:19 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/songdans2/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free