- Project Runeberg -  Martin Luther /
5

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Martin hev havt eit saarare huglynde enn dei fleste;
difor maatte han kjenna sviden djupare enn andre.
Dette at han aldri heilt kunde tru seg til far og mor,
at han alltid gjekk og skolv for far sin, at han
kjende det urimelege og urettferdige i den harde
straffi for dei minste brot, at han gjorde sitt beste
med grann-var truskap og endaa aldri kjende seg
trygg, — det la skugge yver barndomen hans, og
la grunnen til den nervøsitet som fylgde han til
hans døyande dag.

Barneskulen i Mansfeld kallar Luther sjølv eit
helvite, baade aandeleg og likamleg: skulemeisteren
beint fram banka den latinske grammatiken inn i
borni. Mange barne-naturar vert like-sæle under
meiningslaus tukt; men Martin Luther var ikkje so
laga; han vart forskræmd og full av rædsla, rædd
baade for Gud og menneskje.

Ja for Gud ogso! Folk trudde den tid meir paa
djevlane enn dei trudde paa Gud. I bergverki
raadde djevlane, i luft og vatn, i skog og fjell var
det fullt av vonde vette, og i grannelagi dreiv
troll-kjerringane sitt spel. Og yver dei alle den strenge
Gud, som berre kravde og berre dømde.

All slags ulukkor auka naudi: uaar og fælslege
sjukdomar som herja heile Europa; det bar mot
domedag 1 Alt som hende varsla at det leid mot
verdsens ende: sol-myrkje, maane-myrkje, kometar,
eldkulor, jamvel meinlause stjerne-rap, — det var
teikn paa Guds vreide yver den synduge verdi.
Tidi var sterkt religiøst gripi. Men sjæle-naudi hjaa
folket for vilt gjenom øydemarker av ovtru og
vankunna. Pave-kyrkja pusta til og heldt ovtrui uppe:
i 1484 kunngjorde paven at Tyskland var fullt av
trollkjerringar, og nokre aar etter sende han ut ei
«svartebok" som skulde læra folket kjennemerki paa
trollkjerringane og boteraadene mot deim; prente-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free