- Project Runeberg -  Martin Luther /
6

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kunsten vart nytta i tenesta aat myrke-magti, for
fyrste gong.

Bote-raadene mot alle myrkheims magter var aa
halda seg til vens med kyrkja og prestane: messor,
signingar, aande-maningar, gaavor til kyrkja,
pile-grims-ferder, heilage stader, heilage Ieivningar
(reli-kviar) og heilagmenne! bøner i tusen-vis
(rosekransen kom nett no i bruk), runebøner, troll-bøner,
troll-raader: ein fann ikkje att mykje av
kristendomen; det heile minnte mest um heidne
trollkunster og avguds-dyrkjing. Aldri hev folk vore
idugare til aa trygda seg hjelp mot vonde-magti.
Aldri hev dei vorte styggare narra.

Paa botnen laag lengsla etter eit liv i pakt med
Gud. Men lengslone møtte ein mur av
meinings-løysor, i so maate plent som i det myrkaste Afrika.
Ein bite-av Arons stav, ein tein av klunger-busken
til Moses, ein mjølke-drope av Marias brjost — og
anna sovore fusk og fanteskap, det skulde muna.
Fredrik den vise (Luthers landsherre) fekk yver 5000
sovorne heilage leivningar til Wittenberg: dei skulde
gjeva avlaat for 1 902 202 aar i alt! Til sovorne
stader strøymde folk, og vona aa vinna Guds
naade der!

Paa denne tidi var det heilag-menni fekk kvar
sitt yrke: for kvar einskild naud fanst det ein
ser-skild hjelpar. Den gode aandi aat
bergverks-arbei-darane var den heilage Anna (ho skulde vera mor
til Maria, og endaa meir » menneskjeleg" enn
him-meldronningi); det var henne Martin Luther tydde
til daa det røynde paa.

Ei uroleg tid var det, sundrivi og sundsliti av
voner og vonbrot: kva muna det alt i hop?

Barnet er far til mannen. Ei saar og nær-takande
natur, som Martin var fraa barndomen av, maatte
faa i seg ei angest-kjensla djupast inne: u-trygg og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free