- Project Runeberg -  Martin Luther /
9

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 9 -

songar, det var verkeleg kunst, — og
renæssanse-tidi hadde god smak i so maate. Det var serleg
fru Kotta som totte synd i den magre tunn-klædde
guten med dei djupe augo og den klaare
song-røysti. Og no fekk Martin for fyrste gong i sitt liv
vita kva ein god og ljos og kjærleg heim hev aa
gjeva av kvild og kveik. Ursula Kotta var so god,
og so menneskjeleg, hjartelaget var so sunt og friskt
hjaa henne, at ho plaaga ikkje borni med for mykje
gudlegt snakk, ho var berre beint fram snild med
deim! og so det at ho hadde syn og sans for
væn-leiken i livet, nettupp i pakt med Gud i himmelen
som hev skapt alt i hop til gagn og gleda for
manna-borni. Det var i Eisenach Martin Luther
vart menneskje. Den godviljen fru Kotta synte han,
var som solvarme yver dei graa bøane um vaaren.
Alle dei rike emne hjaa Martin hadde til dessar
lege løynde og kjøvde under det rædde samvitet.
No fekk dei von under vengjene —: Gud er god,
og livet er herlegt. I Kotta-heimen lærde Martin
aa skyna at mannalivet og gudslivet vel kann einast;
jamvel kulturen er ingen fiende av kristendomen,
tvert um: det er Guds meining at menneskja skal
vinna herredøme yver alle livs-krefter, og ikkje minst
vinna herredøme yver seg sjølv; det er det me
kallar kultur. Fru Kotta lærde Martin aa kjenna seg
barn, son i huset, og ikkje træl. Ho fekk han til
aa dyrka musikk: spela paa fløyta og syngja etter
gitar, — det som vart ei djup kjelda til gleda
gjenom heile Luthers liv. Han segjer sjølv seinare:
«Tonekunsten er ei av dei herlegaste gaavor Gud
hev gjeve oss. Tonane jagar tunglyndet, som kong
Sauls fyredøme syner. Tonekunsten er umissande
til aa seda upp: gjer menneskji venlegare og meir
godlynde. Den som jqenner tonekunsten, hev eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free