- Project Runeberg -  Martin Luther /
10

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 10 -

godt lag til alt han gjer. Eg vilde ikkje gjeva burt
ein grand av musikken, ikkje for all verdi."

Kor vidt det er sant at Luther i Eisenach vart
for-elska i brordotter til fru Kotta, det vert vel
raadlaust aa prova. Men soleis som Jakob Knudsen
skildrar det i »Angst", lyt me sanna at det er baade
tenkjande og truande: ein væn og rein
ungdoms-elsk som gav livet varme og kasta glans yver
arbeidet. Det høyrer med i Luthers sjælevokster i
Eisenach, av di det høyrer heime i alle normale
ungdomsliv; ein sovoren bljug og uskyldig elsk
som leikar i hugen hjaa den yngste ungdomen maa
gjera kjenslone finare og mildare. Og me lyt ha
lov til aa fylgja Martin i lag med dei andre
ung-domane i framsyningi av skodespel paa latinskulen
og paa utferder til Wartburg-fjellet og til Thüringen,
i song og leik og livleg prat.

Melanchton fortel: det var i Eisenach Luther
fekk verkeleg kunnskaps-torste og hug til aa
»stu-dera". Han vart halden for ein lovande ung mann
som gjorde uvanleg gode framstig i skulen.

Og i 1501 vart han innskriven student ved
høg-skulen i Erfurt. Han var daa ein frisk og livsglad
ungdom. Dei gode aari i Eisenach hadde frelst han
fraa aa drukna i gruvling og sjølv-gransking.

Visst laag det inn under alt eit urolegt
spurs-maal: er det rett aa taka livet lett? „hver
glædestund du fik paa jord betales maa med sorg!" ein
dag krev Gud til reknskap —. Men like vel: han
hadde daa set noko av himmelstigen yver jordlivet,
han hadde set englar stiga upp og stiga ned. Vaaga
han ikkje lyfta augo upp til Oud sjølv, — det var
daa moglegt at alle gode magter var i pakt med
den store almegtuge agelege domaren: kjærleik og
fred og godvilje millom menneskje paa jord, jau
visst var livet verdt aa leva!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free