- Project Runeberg -  Martin Luther /
11

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høgskulen i Erfurt hadde stort ord paa seg,
millom dei fyrste i heile Europa. Tvo tusen studentar
laag der, budde for det meste i store student-heimar;
byen med sine 30 000 ibuarar kunde elles ikkje
hyst so mange studentar. Luther kom med i eit
kammerat-lag av livlege lystige ungdomar; me
kjenner til kor slike tyske studentar kann slaa seg laus
og gjera galskapar paa meir eller minder uskyldig
vis. Den aand av humanisme som raadde ved
universitetet i Erfurt førde ogso med seg friåre
tankar og friåre tale. Lentuge og laus-slopne leika
dei seg med latinske vers og latinske ord-kløyvingar.
Fullt so lauslyndt som renæssanse-livet tedde seg i
Italia, merkjar me det ikkje i Tyskland. Men det
laag i lufti lel: nye straumdrag, nye tider; det var
ikkje so heilt aa lita paa alt dei hadde lært. Tvil
og voner striddest med einannan. Store lengslor
paa botnen, mothug mot all aalvora uppi dagen.
Luther gjorde snart sitt val. Raaskapen og villskapen
baud han imot, han slo lag med dei beste. Dei
spela og song og laga vers, las og ordskiftest og
dreiv paa med fikte-øvingar, baade fysiske og
filosofiske. Luther vart ein svær filosof, tok
bakkalaureus-eksamen i 1502 (vart daa „Kand. filos."), og
magistergraden i 1505. Full-blods humanist var han aldri.
Han vart aldri nokon fin latinar, dess meir. Det
er ikkje tvil um at humanismen med sin lette tone
skræmde Luther. Han mislika den spottande
kritikken, serleg naar det gjekk ut yver kyrkja og trui.
Luther var av heile sitt hjarta ein truande katolik:
kvar einaste dag tok han til med kyrkjegang og
bøn. Og mang ein gong i dei glade
kammerat-lagi kom det braatt yver han ei uro, so han tagna
og vart still; dei andra kalla han difor „filosofen".

„Nominalismen" heitte den filosofiske og
teologiske straumen som den tid var paa moden. Det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free