- Project Runeberg -  Martin Luther /
12

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 12 —

var „moderne" aa vera „nominalist". Kritisk og
granskande tok nominalismen fat paa dei gamle
idéane og synte at dei berre var namn (nomina)
utan røyneleg tilvera; berre dei einskilde tingi er
verkeleg til. Engelsmannen William Occam († 1347)
var det store ljoset millom nominalistane. Han
hadde halde fram noko som minner um Immanuel
Kant halvfemte hundradaar seinare: sjølve væsenet
i ein ting kann vitet ikkje gripa, berre det me ser
og røyner kann vitet raada med. Paa den maaten
vart livet kløyvt i ein røyndoms-heim der vitet køyrde
i veg og kritisera og løyste upp, — og so ein
idé-heim der kyrkja raadde med sin autoritet.
Sjølvsagt bar denne tankegangen i seg eit spreng-to som
fyrr eller seinare .vilde leggja „torpedo under arki".
Naar idéane berre var namn, og vitet ikkje kunde
greida anna enn røynelege ting, — so laag det nær
aa halda seg til det ein røynde, og kasta dei gamle
idéane yver bord. Og daa var det ute med
kyrkje-autoriteten i vitskaps-heimen-

So langt naadde ikkje nominalistane i Erfurt.
Men det kann henda at tanke-krossen tok til aa
sprengja seg inn i Martin Luther alt daa.

Derimot var det ein peikepinn som han fylgde
straks: han tok til aa lesa i bibelen. Nominalistane
dreiv paa med bibel-lesing til motvegt mot
dogmatiske tanke-spinn; i bibelen var dei røynelege ting
som kyrkjelæra laut byggja paa; elles hekk ho i
lause lufti.

Luther tok magister-graden med glans Det var
ein stolt dag, daa dei gjekk i høgtidleg ferd og bar
faklar framfyre dei unge magistrane. Hans Luder
var gild utav son sin; no sa han ikkje du til han
1-enger, men De. Martin var no universitets-lærar
og heldt fyrelesingar for »russen" yver den gamle
Jilosofi; ein magister laut gjera sovori tenesta ved

4

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free