- Project Runeberg -  Martin Luther /
13

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 13 -

høgskulen i tvo aar. Samstundes tok han til aa
studera retts-vitskap. Faren ynskte det, og hadde
alt kjøpt dei dyre juridiske studie-bøkene aat han.
Meiningi var at Martin skulde naa høgt upp i
riks-tenesta. Og alle som kjende han venta seg mykje
av den ungé gaaverike magisteren.

Men so vert han munk. Det kjem so uventa, at
sogeskrivarane hev freista byggja upp ei rett lina
av munke-tankar fraa barndomen ut-gjenom
ung-doms-aari, ei lina som maatte føra han i kloster.
Det trengst ikkje.

Munke-idealet var grunnfest, gjenom mange
hundrad aar; gjenom heile millomalderen var det
vis-saste vegen for kvar syndar som vilde vinna Guds
naade. Straks Gud sjølv tok tak i eit menneskje,
so bar det i kloster med same. Alle sterke religiøse
vekkjingar gjekk den vegen i millomalderen. Aa
umvenda seg — var: aa gaa i kloster; dei gudlege
eller religiøse var: munkar og nonnor.

Lat oss setja oss inn i livs-syni fraa millomalderen
soleis som kyrkja tedde ho inn i folk: verdi
var full av synd; eit gudlegt liv var aa segja verdi
fraa seg. Naar munken flyr egteskap, eigedom,
kunst, vitskap, gledor og uppgaavor i verdi, daa
meiner han han kjem burt fraa synd og freisting,
og kann heilt leva for Gud aaleine. Me lyt sjaa
upp til dei ærlege asketane, som negta seg alt det
livet baud paa, og sa fraa seg all rikdom og lukka
her i verdi. Me kunde ynskja oss meir av den
offerhagen i vaare dagar. Og like vel segjer me:
for eit syrgjelegt kraft-spille! Ve den som flyr burt
fraa verdi; han rømer fraa striden, fraa arbeidet,
fraa sutene, — og tenkjer berre paa aa berga seg
sjølv. Han svik sitt kall. Han skulde vera » salt og
ljos" i verdi; og meisteren la vegen klaar for
fylgje-sveinane sine daa han bad: ikkje at du skal taka

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free