- Project Runeberg -  Martin Luther /
14

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 14 -

deim ut or verdi, men at du skal vara deim for
det vonde. Munken rømer sin veg fraa slagmarki.
Og det straffar seg syrgjeleg: han tek det verste
av det vonde i verdi med seg inn i klostret:
sjølv-hugen!

Det er vonlaust aa spyrja kva tid kloster-tankane
tok til aa faa magt yver Luther. Han var heilt barn
av si tid. Sjælesoga hans sigtar ikkje paa klostret;
men so snart det spørst for han um aa vinna Guds
naade, gjeng vegen dit av seg sjølv.

Det bryt fram med angest paa nytt. Fleire ytre
hende gjer sitt: beste-venen hans døydde braatt, ein
annan ven gjekk i kloster, sjølv hadde han ein gong
paa heimferd til Mansfeld halde paa aa bløda seg
i hel. Kvar gong han soleis møtte daudsens aalvor,
kjende han uroi: kva veg ber det med deg? Han
freista leva so godt han kunde. Men like fredlaus
kjende han seg. „Di meir me vaskar oss, di
urei-nare vert me," var eit ordtak han nytta tidt i
student-dagane. Retts-vitskapen kunde ikkje fylla hugen hans;
den vart han snart lut leid av: ein tom leik med
ord. Og so auka ufreden inni han. Kameratane
skyna det ikkje, foreldri heller ikkje, han sjølv minst
av alle.

So kjem han ut for eit øgjelegt tore-ver, rædsla
tek han til fange, domedagen er yver han, og han
hev ikkje fred med Oud. Bergmanns-gydja, St. Anna,
kjem paa lippone hans. Og han lovar han skal
verta munk. Han angrar det etterpaa. Far hans
sa heilt turt: berre det ikkje var noko skrymt! Men
han lyt halda det han lova. Han trur det er Guds
vilje. Og so segjer han verdi far vel, og gjeng og
bankar paa porten til Augustinar-klostret i Erfurt.
Kameratane riste paa hovudet, faren var rasande.
Men Martin heldt ord.

Det var byens største kloster; det var ogso eit

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free