- Project Runeberg -  Martin Luther /
18

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 18 -

hadde Gud fastsett kva som skal vera godt og kva
som skal vera vondt. I seg sjølv var ingen ting
god eller vond. For den sak skuld kunde Gud i
dag segja det er godt det som han i gaar sa var
vondt. — Sameleis hadde Gud etla sume menneskje
aat sæla, andre aat fortjoning, reint paa slump- Og
frelsa i Kristus var like eins berre etter Guds
sjølv-tykkje: han hadde funne fyre aa senda son sin;
hadde han vilja, kunde han likso godt valt aa frelsa
verdi ved ein stein! Det var alt i hop slumpe-spel,
ein blind lagnad raadde livet baade her og paa hi
sida. Kven kunde tru paa ein sovoren lagnads-gud?
og kven kunde elska ein Gud som var so mekanisk
og viljelaus?

I 1508 fekk Staupitz flutt Luther til
augustin-klostret i Wittenberg. Der skulde han halda fram
og studera teologi, og samstundes vera professor i
filosofi ved det nye universitetet som Fredrik den
vise hadde grunnlagt der. Burtimot 2 aar var daa
Luther uppteken med aa fyrelesa Aristoteles og hans
etikk, og fyrebu seg paa teologisk eksamen.
Aristoteles byggjer heile etikken sin paa rettfcrdi. Det
fall daa av seg sjølv, at Luther tok fyre seg
rett-ferds-umgripet ogso i bibelen. Soleis stogga han
lenge ved romar-brevet. Truleg er det i dei fyrste
maanadene av 1509, med’ han sit i boksamlingi i
Wittenberg* klostret (i det «svarte taarnet") og grundar
yver Rom. 1, 17, — at han med eitt fekk nytt ljos
yver vegen til Guds rettferd: aldri vinn menneskja
fram ved sin eigen vilje og sitt eige arbeid; Guds
rettferd er det same som Guds miskunn, ei gaava
til alle syndarar, ei gaava som dei faer lov aa eigna
til seg uforskyldt.

Det er her i Wittenberg me finn
»reformasjons-vogga". Her er fræet som ber i seg frigjeringi
fraa alt pavevelde. Enno ser ikkje Luther andre

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free