- Project Runeberg -  Martin Luther /
21

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 21 -

ollo. Og i 1512 tek han dokter-graden i teologi,
og vert deretter teologisk professor i Wittenberg. Han
laut daa lova aa n verja dei evangeliske sanningar
etter bibelen". Den lovnaden vart ei stor trøyst for
han i mangt eit knipetak.

I dei tvo fyrste aari heldt han fyrelesingar yver
Davids-salmane. Desse fyrelesingar vitnar um stor
bibelkunnskap og ber merke av dei religiøse
røyns-lone han hadde gjort. Men elles syner dei kor
seint det gjekk aa faa teologien hans gjennemsyrd
av evangeliet. Nominalisten kjem fram allstødt:
naadevalet (prædestinasjonen) raar grunnen
framleides, og i staden for viss og fast tru talar han
paa katolsk vis um voni. Paa den andre sida syner
desse fyrelesingar den sermerkte aandsvokster han
personleg røyner fraa dag til annan. Og der bryr
han seg korkje um soge-samanheng eller
tanke-samanheng: han talar ut or hjarta um det han sjølv
hev stridt og prøvt: det dei gamle skaldane i Israel
hev kjent av rædsla for Gud og av trøyst fraa Gud,
det hev han sjølv kjent. Ordi kjem levande og
varme — og skildrar baade synd og naade so heilt
og sant, at han veit ikkje sjølv kor radikalt han bryt
med den gamle teologien.

So held han fram med fyrelesingar yver
romar-brevet. . Her hev han vorte meir medvitande,
klaa-rare og meir frihuga. Aands-stemnone i tidi,
politiske hende vert nemnde med sitt rette namn. Han
sparer korkje pave Julius eller kurfyrst Fredrik. Han
brukar sterke ord um pengekjære fyrstar og
penge-kjære kyrkjemenn, um faakunnige prestar og
mun-kar, um dovne arbeidsfolk og ugudlege juristar.
Han bryt med nominalistane, kallar dei
„svine-teologar", og tel til at studentane skal frigjera seg
fraa deira autoritet. Han vrakar den gamle
allegoriske bibeltyding, tenkjer seg inn i sjælelivet hjaa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free