- Project Runeberg -  Martin Luther /
24

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 24 -

fraa eit brot og bøta det med ein pengesum.
Mekanisk og aandlaust gav daa „kyrkja" avlaat, d. v. s.
ettergav den lange boti for fylgjone av syndi.
Avlaat for sju aar vilde segja at ein fekk sju aar stuttare
bots-tid anten her eller i skirs-elden.

Avlaats-kræmarane nemnde for det meste ingen
ting um angeren. Skulde det gaa flust med
handelen, var det freistande aa gjera alt so lettvint som
moglegt. Og folk flest skiide ikkje millom avlaat
og syndstilgjeving. Dei kjøpte sine avlaats-brev og
slapp aa gjera bot sjølve.

Pavane trong mange pengar. Og det gjekk jamt
utyver tyskarane. I andre land hadde den «verdslege"
magti sett stengje for pavemagti. Tyskarane var
meir godlynde, meir religiøse, og fann seg i mangt,
berre av vyrdnad for kyrkja. Det tyske godlyndet
hadde vorte eit ordtak i Italia. „Der kjem syndene
til dei styvne tyskarane," sa dei ved pavehoffet naar
avlaats-pengane strøymde inn.

Nett no var misbruket meir skrikande enn noko
sinn. Pavane og presteskapen i Italia brydde seg
aldri ein grand um kristendomen. Dei spotta det
heilage, men heldt seg ikkje for gode til aa nytta
ut „dei tyske beisti". „Det er utruleg my kje gagn
me hev av fabelen um Kristus," sa ein av pavane.

Leo X vilde faa ferdig Peterskyrkja, og sende
daa ut eit pavebrev um aalment avlaat. Ein
erkebisp i Tyskland tok handelen paa seg; han og
paven skulde ha helvti kvar. Handelshuset eller
bankfirmaet Fugger i Augsburg tok paa seg utleggi.
Avlaats-blankettane var prenta, berre namnet turvte
skrivast paa. Det heile gjekk so lett som fot i hosa.

Til avlaats-kræmar valde erkebispen ein
dominikar-munk Johan Tetzel; han fekk sjølvsagt sine gode
prosentar. Det var gut som kunde rangla paa
stor-bjølla! „Sjaa denne raude krossen med pave-vaapnet!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free