- Project Runeberg -  Martin Luther /
30

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 30 -

Striden baara høgt i heile byen dei dagane.
Stu-dentane slost um dei same emni, sume tider jamvel
med turre nevar.

Romar-kyrkja raknar. Sundringi i katolske og
protestantiske ser-kyrkjor skriv seg fraa dette
ordkastet millom Eck og Luther.

Etter disputasen i Leipzig tok Luther til aa verta
medviten reformator. Han vart driven inn i
grundige granskingar av alle galskapane i paVekyrkja.
Han vart meir stridshuga allstødt, ein
revolusjons-mann som gledde seg ved aa snu upp ned paa all
rotenskapen.

Og no gjekk heile den tyske humanistflokken i
samlag med han.

Humanistane var menn med lysande intelligens
og bitande spott, som nækte faakunna og skamløysa
hjaa pavekyrkja, og synte kor inn-hol den katolske
skolastiken var. Humanistane førde striden for
heil upplysning ogso i teologien, med upptak fraa
det græske ny-testament og det hebraiske
gamal-testament. Erasmus fraa Rotterdam med græsken
og Johan Reuchlin med hebraisken kom til aa gjeva
Luthers reformasjon traust vitskaplegt grunnlag.
Sjølve stpd desse tvo humanistane eit stykke fraa
og saag paa. Erasmus studde daa Luther eit bil
frametter baade med munn og penn. Men
humanisten Filip Melankton var heilt med paa Luthers
sida, og han gjorde reformasjons-verket tenestor som
me ikkje kann verdsetja høgt nok. Ung-humanistane
ropa hurra for Luther, løva som sopa slagmarki
rein for dei giftige udyri, ljos-beraren som avduka
myrke-mennene. Storfolki millom tridjestandet gjekk
mang stad med i striden mot kyrkje-veldet. Og
riddar-humanistane slo seg ,i lag med Luther til
nasjonal frigjering fraa Rom. Millom deim i fyrste
rekkja- Ulrik von Hutten.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0032.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free