- Project Runeberg -  Martin Luther /
32

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 32 -

ein lever og strævar i tru og med truskap. 2) Um
fridomen aat eit kristen-menneskje: ein kristen er
innvertes fri, barn i huset, med full og fri rett til
alt som far eig; men friviljug gjer han seg til tenar
for alle. Trui er kjelda, kjærleiken er frukti.
Kato-likane hadde snutt upp ned. For fyrste gong paa
lange tider vert det klaart framhalde at Oud er
kjærleik. 3) Um den babylonske fangeskapen aat
kyrkja, ei skrift mot kyrkjelæra: sakramenti hev ingen
mekanisk magisk verknad; dei verkar gjenom
um-vending og tru; av dei sju sakramenti vandar han
dei fire (seinare ogso det femte: bot er aa venda
att-ende til daapen); han krev att kalken i nattverden
for lækfolk; han støyter i koll heile
trans-substantia-sjons-læra i nattverden (at brødet vert umskapt til
Kristi likam); dermed ramlar messe-offeret, og
dermed heile millom-manns-stoda aat presteskapen.
„Korkje pave eller bisp eller noko menneskje hev
rett til aa segja fyre ein kristen so mykje som ei
einaste staving utan hans samtykke." 4) Men det
radikalaste uppropet var skrifti „til den kristelege
adelen i det tyske folk um rettarbot i kristen-heimen."
Her legg han fram heile reformasjons-programmet.
„Kyrkja er ikkje det same som prestane; alle kristne
er prestar ut-ifraa daapen. Prestestandet er eit
emhætte som kyrkjelyden gjev og kann taka att. Paven
maa ingi verdsleg magt hava, maa halda seg med
bibel og bønebok i staden for med aa styra verdi.
Dei gagnløysor som heiter kardinalar lyt ikkje vera
fleir enn ei tylvt. All skatte-plundring til paven
maa stogga. Cølibats-lovi maa verta avteki. Klostri
lyt brigdast til skular. Alle festdagar maa vekk,
so nær som sundagen. Like eins sjælemessor,
pile-grims-ferder og avlaat. Renta skal verta avlyst ved
lov, dei store handels-husi ög. AU tigging maa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0034.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free