- Project Runeberg -  Martin Luther /
41

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 41 -

det gjeld aa syna kjærleik og tolmod, byggja upp
og lyfta og tena. Det er røvar-ferd aa vilja
um-venda folk med magt; berre Guds ord kann
um-venda eit menneskje. Lat bilæti vera i fred, naar
ein berre ikkje bed til deim; den som elskar Gud
yver alle ting, han ansar ikkje bilæti. Det maa
ingen tru at ein vert ein sann kristen ved aa eta
kjøt, ved aa riva sund bilæte eller ved aa ikkje gaa
til skrifte. Samviti maa fyrst verta frigjorde fraa
synde-lekkjone. So vil den nye vinen sprengja dei
gamle flaskone.

Sjeldan hev ein mann greidt aa tøyma ei rørsla
so heilt som Luther i mars 1522. Han førde dei
ytre skikkane att-ende til det gamle; men let seinare
ein for ein falla, dei som ikkje høvde med
evangelisk syn. Enno stod han her med sannings-ordet
aaleine, og vann sine sigrar berre med det.

Men snart kom han til aa snu seg so langt
i konservativ leid, at han resten av sitt liv vart
mykje av ein bakstrævar. Aaret 1525 er
vende-punkten her.

Hutten hadde lyst krig mot kyrkje-fyrstane; det
gjekk rav-gale, han laut røma til Sveits, og døydde
snart etter.

So kjem bonde-krigen i 1525, fyrst i
Sud-Tysk-land, og so i Nord-Tyskland. Det hadde lege og
loga i lange tider. Urettferdi og trældomen var
stor. No hadde Luther gjeve luft aat det som laag
og glødde. Han hadde sagt at alle var prestar,
han hadde gjeve alle rett til aa lesa bibelen.
Fridom, likdom og brorskap var kristendom,
trældomen var mot evangeliet. Det var ikkje underlegt
at tolmodet traut, og kravi paa rettarbøter braut seg
veg med velde. Det kunde sjølvsagt gjenge godt,
um førarane hadde magtast aga herane sine. Men
villskapen fekk yvertaket, og blodet rann. Adels-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free