- Project Runeberg -  Martin Luther /
43

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 43 -

Fraa den tid er det lydnad! og ingen ting anna .
enn lydnad! Det er den veikaste sida ved
lutherdomen. „Asnet treng juling, og pøbelen treng svipa."
Fylgjone kjem Tyskland og heile Europa til aa lida
under, so lenge verdi stend: smaafolk finn ikkje
hjartelag hjaa kyrkja for sine vanskar; so snur dei
ryggen til heile kristendomen.

Visst freista Luther lyfta upplysingi. Skulestellet
skipa han um paa eit betre grunnlag. Han hadde
sjølv røynt det u-menneskjelege i den gamle
lære-maaten, og freista aa faa ei upplæring som høver
for barne-naturi. Berre det eine ordet i katekisma
er ei heil ny vérd for borni: Gud vil kjærleg lokka
oss aa tru at han er vaar rette far og me hans rette
born: so me skal beda til han med full tiltru, so
som gode born bed sin kjære far um noko.
Barnevenen Luther i heim og skule — det er ein heil
sogebolk for seg.

Visst arbeidde Luther til sin døyande dag med
preik og sjælesorg og kyrkjeskipnad. Mange geniale
ord eig me fraa han ogso i dei siste tjuge leveaari.
Det geniale ved Luther syner seg millom anna i
det at han er ikkje rædd for aa segja seg sjølv imot,
segja eitt idag, eit anna i morgon.

Men det kann ikkje løynast at det var ei bak-evja
han var komen inn i. Daa kurfyrst Fredrik døydde
i 1525, fekk Luther frie hender til aa skipa
kyrkje-stellet og skulestellet i Sachsen. Og det var ikkje
aandsfridom som raadde den skipnaden. Han fekk
forbod mot katolske messor, fekk jaga „ villfarande"
d. v. s. annarleis-truande menneskje ut or landet.
Han gjekk med og rana det kyrkjelege jordgods.
Og han gav kyrkja og gudstenesta heilt i hendene
paa fyrstemagti. Fraa pavekyrkja gleid me yver i
statskyrkja, fraa dyna i halmen — ?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free