- Project Runeberg -  Martin Luther /
44

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 44 -

Det kann like vel henda at det hadde sine gode
sidor naar reformasjonen konsolidera seg religiøst,
og skiide lag med humanistar og sosiale rørslor.

Det største ved Luther er den religiøse styrken.
Og den hev si rot einast i trui paa üuds naade.

Me kjenner ikkje Gud utan gjenom Kristus. Han
hev synt oss: Gud er kjærleik og inkje anna enn
kjærleik.

Guds kjærleik er livslufti for alt kristenliv. Ingen
moralsk tvang, ingi kunstige reglar, ingi gudlege
skikkar kann skapa eit kriste aands-liv. Alt ljos,
all varme, all drivkraft kjem fraa kraft-stasjonen:
Guds miskunn i jesus Kristus med den opne
fars-famnen og den fulle frie barneretten.

Det vert eit heilt nytt livs-mynster. Barnetrui einar
gudslivet og mannalivet, tek imot alle gode gaavor
med takk, „hug-legg alt som er fagert paa den
grønkande vide Guds jord" og nyttår det alt i
Guds tenesta.

Barnetrui finn freden midt i uroi, finn det
guddomlege og ævelege midt i det „verdslege".

Difor gjeng barnetrui inn i verdi, inn i alle dei
gledor og lidingar som livet fører med seg, inn i
eit sjølvgløymande liv i tenesta aat Gud og
men-neskje.

Verdi skal verta eit Guds rike.

Himmelstigen vert reist yver alle livs-yrke:
jordbruk, handel, handverk, vitskap, kunst —:
arbeidsmannen stend likso nær Gud i sitt yrke som presten
i sitt; det det gjeld um er aa tena i aand og
sanning, d. v. s. i truskap og kjærleik. Gud hev skapt
og skipa det alt. Ingen ting er verdsleg i seg sjølv.
Alt kann me gjera i pakt med Gud.

Like eins med heimen og egteskapen. Det er
Gud som hev skipa samlivet millom mann og kvinna;
det er ei heilag uppgaava foreldri fær, ved aa halda

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free