- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
5

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


For norskt kristenliv dei siste 100 är hev 2
danskar havt mest å segja, Grundtvig og Kierkegaard.
I >ae var dei folke-vekkjarar, den eino mest
upp-byggjande, den andre mest kritiserande. I åndslivet
trengst bae tvo faktorar; dei bør jamt fylla ut
kvar-andre. Tidt vil dei fylgjast i manna-soga. I Noreg
moter me dei hjå Wergeland og Welhaven, seinare hjä
Bjøi-nson og Ibsen. Bjørnson var næraste
grundtvigian. Ibsen var typisk Kierkegaards-mann.

Frå tidleg i 19dc årh. g.jer Grundtvig seg
gjeldan-de i norskt kristenliv, i pakt med Hans Nilsson Hauge.
Dei fyrste preste-lærarane ved det norske universitet.
Hersleb og Stenersen, var sterkt grepne av Grundtvig,
og samstundes vener av H. N. Hauge. Og W. A. Wexels
stod frå 1819 i meste 50 ar på preikestolen i Vår
Frelsais kyrk.je i Oslo og forkynte bibelsk kyrkjeleg
kristendom i Grundtvigs ånd.

Men fra midten av det 19de årh. kjem
Kierkegaards and i høgsætet, g.jenom professor Gisle Johnson.

Kierkegaards kritikk av den sovande kristendom
fann atterljom hjå alle ålvorlege kristne : den
offisielle kristendom, statskyrkje-kristendomen, var eit
rengje-bilete av det kristendomen skulde vera.
«Kristensamfundets synder» fekk i Kierkegaard ein
streng tuktemeister. Med kvass logikk og bitande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0007.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free