- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
12

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12

kristendomen i Risør fyrr, kan me trygt nemna Paul
Wettergreen den fyrste som skapte ei religiøs
vak-ning. Ansvaret for Gud vart levande; samvetet
vakna til angest for Guds dom. Og so viste Paul
Wettergreen alle søk jan de til Golgata, til Frelsaren, til
so-ningi for all synd.

Det var mange vendor berre eitt einaste ord som
raka. .Joh. Fr. .Juell fortalde at han var grepen i
samvetet da Wettergreen ein sundag i Risør-kyrk.ja
tala um misbruk av sundagen, og serskilt nemnde at
sume g.jekk på veide-ferder um sundagane; det hadde
Juell gjort; og for det ordet seig han i kne: sjølvsagt
fekk han samstundes kjenna den himmelvide
skilnaden millom eit liv utan Gud og eit liv i pakt med
Gud slik som det stråla ut or Wettergreens person.

Ein av dei gamle, Lars Skjeldsøy, segjer ei t
Wettergreen kunde halda folk fanga meel preikenc sine
upp til 2 timar i eitt: so friskt og levande og
gripan-de tala han. Det var høgtid å sit ja under hans
talarstol: ei klangfull roleg røyst, ein glødande kjar-

Johnson ut med ei skrift um barnedåpen, der han dogmatisk
held fram den lutherske læra» Verre var det at dei rekna
seg syndefrie, midt i det at dei levde i synd. Gamle
Trås-dalil fortalde meg kor han vart skræmd då ein Lammersk
kristen gjekk og sjangla full på gata ! «å det er so snild ein
bror !» sa dei andre; «det er kjøtet som skal tynast, so åndi
kan frelsast». — Emissær John Berg i Gjerpen hev fortalt
meg : då lian i gutedagane gjætte kyrne i utmarki, fekk
han sjå ein flokk nakne karar og kvinnor kom ut or skogen;
det var Lammerske kristne som «dansa engledans», dei
skulde visa at dei var syndefrie. Heile rørsla tynte seg
^jølv. 1 Ibsens «Brand» hev svermarskapen fenge klassisk
skildring i 5te akt, der Einar nyttar talemåtane frå
Lammerske svermarar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free