- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
13

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13

leik til Gud og menneske, ei barnleg tru, og eit djupt
alvor bar ordi fram fra hjarta til hjarta.

Wettergreen gjekk ikring i heimane og tala
per-sonleg med folk. Det var noko nytt. Og eg trur
aldri han misbrukte sitt preste-embete, eller fall med
don inn i husi. Den kjærlege taktfulle åtferdi hans
opnå bade hus-dører og hjarte-dorer. Men det seg.jer
seg sjølv at mange kjende seg nervøse når han tok
til a tala personleg med dei um Gud.

Noko nytt var det ogso, og heilt ukjent i Risør,
at Wettergreen tok til med friluft s-m ø t e, på
landevegen, uppmed kyrkjegardsbrui. Folk som gjekk
framum, stogga og lydde, og mang ein gong fekk dei
eit ord med seg heim som dreiv til umvending.

Same aret Wettergreen kom heim frå Sulu, hadde
«La ngesundsf jordens indremisjonsselskap»
kvitsun-stemna i Risør 6. og 7. juni 1870. Der fortelst det at
Wettergreen tala gripande, so mange stod og skolv,
og surne tok til å søkja Gud.

«Langesundsf.jorden» var skipa av lækfolk med
full rett ior lækpreikarar, — i motsetnad til
«Luther-stiftelsen». som ikkje godkjende denne retten. Her
var kvass strid um dette. Då «Langesundsfjordens
indremisjonsselskap» vart skipa, slengde prosten Skår
i Gjerpen den bann-strålen mot dei: de er Korahs og
Da tans og Abirams børn ! (sjå 4. Mos. 16). At sume i
Risør hadde mistillit til lækfolk, viser eit innsendt
stykke i «Adressetidend for Risør» i 1863: «Et
Bedehus bestyret av Lægmænd, anser jeg for at gjøre mere
ondt end godt, da jeg deri ser Udbredelse af Sækter-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free