- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
20

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

20

såg slik ut at han k u n d c spela den rolla : myrkhærd,
myrkdæmd, høg og fager. Han døydde der ute, i sin
beste alder, berre 38 år gamal.

Sumaren 1879 var Frydendals-kyrkja ferdig. 1
dei 2 åri hadde Sunneledpresten lote låne Risør-kyrkja
annankvar sundag. Bispen kom ikkje til kyrkjevigsla,
Sokneprest Arnesen, som nett det året vart prost,
fekk fullmakt til å vigsla kyrk.ja på biskopens vegne.
Han var ein festleg liturg, framifrå songar (ved
konge-kryningi i Nidarosdomen i 1873 var Arnesen liturg).
Til klokkar i Frydendals-kyrkja vart tilsett 0.
Ege-land, som kom til å gjera tenesta der i yver 40 år, ein
«stor klokkar» med god songrøyst og gode talegåvor.

Millom prestane som gjorde tenesta ved
kyrkjevigsla, var Alvers vikar i Risør, den unge presten 0.
G. Arctander. Han var læresveinen av I. C. Heuch,
som den tid var prestelærar. Frå Heuch hadde han
fenge høgkyrkjeleg syn på preste-embetet, so han vann
liten samhug hjå bedehusfolket. Han hadde ein
eins-formig preiketone, so han gjorde ingi lukka på
preike-stolen. Umusikalsk var han, so han kunde ikkje
messa.. Men elles ein varm kristen med vakne og levande
interessor.*)

*) Arctander vart Nordlands-prest; han vilde få skikk
på økonomien sin. Men preste-tidi der nord fekk ein brå
ende : prestegarden brann upp ei sumar-nott, tri av borni
brann inne; det var so vidt at Arctander sjølv og ei dotter
vart berga, og den dotteri døydde seinare av
hjerne-sjuk-dom; ein liten gut vart ihelslegen av eit torv-lag; so hadde
han berre dei tvo eldste borni att, dei var sørpå sarnan
med mori. Sonen vart bank-kasserar i Sverike, tok til å
jobba med bankens pengar, og kom i straff. Sjeldan kjem

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free