- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
35

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So sølete Oftedahl um Risør bedehus. Med 4 mot

1 røyst gav bedehuset sitt løyve; berre Anker røysta
imot. Men Lunde hadde høyrt gjete at det stod 3 mot

2 og at medhjelpar .Juells røyst gjorde utslaget.
Lun-do vart rasande. Påskedag holdt han ei tore-preik
yver epistelteksti «reinsa ut den gamle surdeig!»
’fråss i refsingi gjekk Juell kring altaret med sitt
påskeoffer. Men då Lunde kom heim, reiv han upp
offerbrevet hans, og sende offeret tilbake, med ordi: jeg
vil ikke ha Deres offer ! De er den verste mothjelper
av en medhjelper jeg kan tenke mig.

Juell bad då presten og dei tvo andre
medhjelpa-rane, A. Fr. Finne og Carl Steen, koma saman på
kontoret sitt til å greida floken. Dor kom Lunde fram
med ankemålet yver den uforskamma lappen han
hadde fenge frå bedehuset da han soktc um å få bedehuset
til fest for menighetsforeningen. Juell svara : «Gud
har nå like vel velsignet vort lille bedehus; den festen
som dere ikke fikk, den fikk vi straks efter». «Så dere
er Guds folk ! og vi er verden da!» «Det har jeg ikke
sagt, svara Juell: og har jeg såret presten, ber jeg om
tilgivelse». Men Lunde tok på dør, gjekk upp og ned
på gata i eit ekse, og gnog på dette «dere» og «vi».
Då so dei andre medhjelparane fann at dei laut gå
heim, og Juell fylgde dei ut, møtte Lunde i døri og
slengde imot Juell dei ordi: «Dem kan jeg ikke lenger
betrakte som medlem av min menighet! Dem kan jeg
ikke meddele nattverden ! De får gå til nabopresten !»

No hadde Juell fleire år sidan, då
frikyrkje-rørsla tok til. og hans andelege far Paul Wettergreen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free