- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
40

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40

alle prestar her i landet rekna riksretten for
djevelens verk; fekk dei no i Sunneled ein av desse
presta-ne, kunde det verta pinlegt for Lindstøl personleg.
Håkonsen hadde butt utanfor striden, og var nøytral
soleis. Avisone skreik upp, og protokoll-nemndi i
Stortinget gjorde merknad ved den urettferdige
ut-nemningi. Men Sunneled var vel tent med mannen.

Håkonsen fekk i stand songkor som kunde syng ja
i kyrkja. Og fyrste joli fekk han i stand ein stor
.jole-trefest på «Ebeneser», som den gong låg i
Grunne-sunds-dalen. Det var stuvande fullt kring
jole-treet. Ljosi var kveikte. Det glima av sylv og gull
og alle slags pynt. For dei fleste var det noko nytt
dette. Og det var festlegt å sjå alle barneaugo. Men
Håkonsen let venta på seg. Endeleg kom han, og sette
liv i laget som vanlegt.

Det som hadde heft han var at han laut segja
farvel med student-kammeraten sin, skulestyrar Frans
Grung,*) som same kvelden reiste frå byen for alltid.
Han hadde stelt seg gale med nokre gutar. Etter
krav fra ein far laut Håkonsen gå på venen sin
for dette. Og Grung bøygde seg. Han sanna si
synd. og bad Gud og menneske um tilgjeving.
Frå utlandet sende han heim ei liti bok;
«Ånds-lenker» heitte ho; der gjorde han upp med den
antireligiøse vitenskap og viste vegen til Gud; det er

*) Grung var teologisk kandidat, men meir filosof.
Håkonseri fortalde at vene-krinsen i eksamens-året las o^
dryfte Ibsens «Keiser og Galilæer», som nett då kom ut.
Og Grung var den gløggaste i laget; alle såg upp til han.
«Hadde jeg bare blit hørt i «Keiser og Galilæer» til eksamen,
skulde jeg greiet mig godt», sa Håkonsen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free