- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
46

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

saklege innlegget hans; han fekk mange beiske u-ord
å svelgja; og han skyna visst at han var varg i veum:
men han skjelte ikkje att då han vart utskjelt.

Soknerådlovi hans leid stort nederlag i Stortinget.
Men ved kgl. res. fekk han innført ny altarbok med
rikare liturgi for høgmessa, og ny tekstbok med tvo
nye tekst-rekkjor; sameleis eit løyve for dei som
ynskte det å gå til altars utan skriftemål. Far var
glad: det blir da gjort noe nå, sa han. Fyrr stod
alt i stagge.

Herman Lunde heldt eit foredrag ein sundags
ettermiddag i Risør kyrkja um
skriftemåls-spursmå-let. Han gjekk igjenom soga åt skriftemålet frå dei
eldste tider, og viste kva skriftemålet skulde vera :
ikkje ein tvang for alle. men ein lette for tyngde
sam-vet. Og her hev alle kristne rett til å vera
skriftefar; det trengst ikkje å skrifta for presten, sa han.
ein kan likeso godt opna seg for ein lækmann. eller
for kona si: retten til å absolvera er ingen ser-rett
for prestar! kvar kristen hev fenge den retten av
vår Frelsar! kar eller kvinna som verkeleg er ein
levande kristen hev dermed både rett. og plikt til a
løysa bundne samvet. «Nu må dere ikke møte dette
nye med mistro! dere må tro at vort kirkestyre
mener det godt. De som ønsker å gå til alters uten
skrifte og absolusjon skal melde sig personlig hen
prosten, står det. Dere må ikke misforstå dette, som det
skulde være preste-tyrrani. Dessverre har mange riet
inntrykk at å gå til presten er like vondt som å
komme på rådstua. Nei kom frimodig, så vi kan tale ut

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free