- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
50

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

50

sa: der vil eg visst inte gå meir! dei er so verdslege,
dei taler um kjærleik !

Same trongsynet kom med kritikk yver Håkonsen
og Egeland for dei gjekk på veiding med harehundane
sine. Da so Egelands hund tok gift, og Håkonsens
hund hengde seg, totte mange det var tydeleg Guds
dom ! Lunde fekk sjølvsagt endå strengare dom av
di han var med på mykje moro, saman med det
verdslege songkoret sitt, og elles i lag med verdslege folk.*)

Verst for Lunde var det då Bjørnstjerne Bjørnson
kom til Risør i februar 1888 og heldt foredrag um
«Engifte og mangegifte». Sokneprest Lunde fekk
uppmoding um å ta imot Bjørnson. Og han opna med
gleda heimen sin for Bjørnson, som han person leg

*) Lunde var ingen økonom. Han gav burt, so han
sjølv kom i beit. Fru Lunde laut gøyma vekk, so han ikkje
skulde gjeva burt alle klædi sine. Og han kom i gjeld, måtte
ta imot hjelp av venene sine gong på gong. Dei var snilde
med Lunde i pengevegen. Fyrst då han vart
forliks-kom-missær i Oslo, kom han ovanpå. Der fekk han store
inntekter. Han pia putta noko i setle-boki, og noko i ytre
frakke-lumma. Det stod jamt tiggjarar og venta utanfyre,
og dei fekk — både setlar og sylvmynt. — I Oslo vart han
mode-prest. Det var gløgt gjort av Wexelsen å gjera Lunde
til hovudstads-prest. Biskop Heuch studde ogso til i so
måte. Der inne fekk han meir luft under vengene. Og det
itore hjartelaget hans drog mange til Gud. Mange
uluk-kelege fråfalne kristne kan vitna um at Lundes forkynning
opna for dei vegen til Kristus. Den preike-samlingi han
gav ut, kalla han sjølv «Kristus-prækener». Det er kjent at
han tala ved Bjørnsons gravferd. Og sameleis ved gravferdi
elter mange kunstnarar. Slike folk fekk kjærleik og tiltru
til Lunde. At kongen valde Lunde til å konfirmera
krun-prinsen, er eit vitnemål um den vyrdnad han vann i
hovud-staden. Og eg trur alle i Risør unnte han vel den vyrdnaden.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free