- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
7

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)



Vi som var studentar i 8o-åri, kom upp i eit heilt
system-skifte; i politikk, i kunst og vitskap, i moral
og religion. Det var eit radikalt umskifte — frå
autoritet til sjølvstende.

Den verste plakat ein mann kunde få heft på seg
etter det gamle system var: opposisjonell! Det galdt
å bøygja seg for autoritetane. Serleg der det galdt
moral og religion, heittest det at ein måtte bøygja
seg for dei vedtekne fastslegne reglar og dogme. Å
tenkja fritt — var det same som å vera fritenkjar.

Då sokneprest J. C. Heuch heldt sine foredrag um
«Vantroens væsen», bygde han sin polemikk på det
grunnlag: vår tanke må bøygja seg under Guds tanke;
vantrui er upprør, tankens upprør mot Gud. Arne
Garborg skreiv imot Heuch, og det kan ikkje dyljast
at Garborg hadde logikken på si sida. I «de teologiske
studenters forening» tok student Jens Gleditsch til
motmæle mot Heuch: «det er verdsligheden som er
vantroens væsen, ligegyldigheden for Gud, det gudløse
fremmede sind som ikke kommer i kontakt med Gud».

Professor Fr. Petersen hadde alt i 1880 gjeve ut
eit foredrag: Hvorledes bør kirken møte nutidens
vantro ? Han meinte at kyrkja må gjeva vitskapen
sin fulle rett til å granska. Det var elles vanlegt millom
teologane å kalla naturvitskapen «vantru vitskap»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free