- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
11

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

11

vanvyrde av bohemen. Serleg er det ei gleda å koma i
hug at dei aller fleste av teologane var bra gutar,
grepne av Gud. Petersens laurdags-timar i festsalen
på universitetet stålsette og vermde oss. Vi sat som
fjetra mang ein gong. Vi fekk hug og mod til å leva

livet under dei høgste ideal.

#

Dei andre professorane opna ogso heimane sine for
oss. Caspari og Johnson tok imot kvar sin
laurdags-kveld; men dei sat for seg sjølve saman med prestar
og andre eldre; vi unge laut greia oss åleine. F. W.
Bugge fann på eitt år å be studentane til seg;
administrator som han var, bad han ein kveld studentane frå 1883,
ein annan kveld dei frå 1884 o. s. b. Eksperimentet
tok han ikkje upp att.

Petersen og Munch fekk samtala i gang; det var
noko å veksa på. Professor Munch er verd å minnast
desse åri 1885—-1887. Han var då tolleg frisk, og auste
ut or sine rike fond. Han var ikkje før til å gjeva oss
kveldsmat; vi fekk te og kavringar, og so fekk vi røykja
pipa vår. Det var mangt han fortalde som vi tok imot
med takk. Det hende sundagskveldane hans drog ut
heilt til kl. 1 um natti! so forvitnelege var dei. Hans
fyrelesningar yver Lukas-evangeliet, og hans eksegetiske
uppgåver — gav oss ovleg mykje hjelp. Han kom
jamvel i våre eksegetiske måndagsmøte, med pipa si,
og var student millom studentane.

Hjå Caspari og Johnson var eg uppe privat med
spursmål og tvil, som eg vilde ha rettleiding i. Eg kan
ikkje minnast at dei sa eit ord som eg ikkje hadde
høyrt fyrr. Dei vilde tydeleg ikkje inn på nyare gransk-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free