- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
12

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12

ingar. «Morbus problematicus (problem-sykja) som
L. Daae nemnde det, låg ikkje for dei gamle.

Det var serleg Petersen som hjelpte oss der. Dei
stundene på hans kontor, der han let studenten sitja
i sofaen, og sjølv sette seg på ein stol på andre sida
av bordet, dei stundene var u-gløymande.

Vi skyna han vilde alitid gjeva sanningi rett. Han
var ikkje redd for å gå laus på dei mest innfløkte tvil.
Og so synte han slikt hjartelag, slik tillit og skynsemd,

at vi trygt opna oss heilt for han.

#

Jakob Sverdrup hadde teke kyrkjedepartementet i
1885, og la i veg med sine kyrkjelege reformer.
Preste-skapen i Oslo sende protest til Stortinget og til
Riksstyret: kyrkja laut få segja si meining fyrst! Då
protestskrivet vart gravlagt i Stortinget, heldt Viggo Ullmann
gravtala um dei norske prestane som stod på
elvebarden og vreid hendene av di tidi rann frå dei. Dei
teologiske professorane hadde skrive under protesten,
so nær som Petersen og Munch. Dei meinte at
reformene hadde sakte vore dryfte lenge nok på kyrkjelege
møte.

Sverdrup leid stort nederlag i Stortinget med sitt
store reform-framlegg. Det var ikkje radikalt nok:
det vilde avgrensa den kyrkjelege røysteretten til dei
som i liv og læra viste kristen karakter. Men ved
kgl. res. fekk han innført mange reformer.

På det kyrkjelege landsmøtet i Oslo i 1886 gjekk
ordskiftet kvast. Gamle Sven Brun, som var ordstyrar,
tolde mykje av den høgkyrkjelege kritikk. Men då
stiftskapellan Kuliman-Olsen våga setja fingeren på den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free