- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
13

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

13

måten prestane møtte Jakob Sverdrup, vart det uro i
salen, og ordstyraren braut han av. Sverdrup var sjølv
med i ordskiftet, sakleg, tolug, og roleg. Han tala for
dauve øyro. Ein kunde godt segja at prestane «stenet
ham med de stumme blikke».

Eg var bladstyrar i teol. studentforening, og skreiv
ein radikal artikkel um landsmøtet, slutta med dei ordi:
ja ja, goe herrer og norske menn! kom igjen om 10 år,
så skal de finne at vinden blæs frå ein annan kant.
Nett i o år seinare styrde Jakob Sverdrup
kyrkjedeparte-mentet andre venda, høgvyrd og godkjend av alle,
jamvel av sine verste motstandarar. I millomtidi
hadde han vore sokneprest i Krosskyrkja i Bergen. Eg
kan nemna eit morosamt døme deri frå: Fyrste året var
ein bergensar i lag med Sverdrup; «la meg sitte her,
so eg ikkje ser han! eg toler ikkje den mannen!» Året
etter heldt han sjølv selskap for Sverdrup, og heldt tale
for sin kjære sokneprest!

*



I 1887 tok bylgjene til å toppa seg i strid um
professor Petersen. Millom dei dogme han tok upp til
saumfaring, var sjølvsagt inspirasjonsdogmet. Når
naturvitskapen fekk rett, trass i bibel-ord som peika i
onnor leid, var det rimelegt at spursmålet um bibelens
inspirasjon måtte dryftast.

I Pontoppidans forklaring hadde vi lært: Den Heilage
Ande, «gav dem i sinde hvad og med hvilke ord de skulde
tale og skrive». Professor Gisle Johnson hadde i sin
ungdom nytta det biletet at «de hellige forfattere var
som grifler i den Helligånds hånd». Professor Petersen
dulde ikkje at det fanst sjølv-motsegjingar, mis-hugse,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free