- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
22

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

fekk straks den rådi: du bør ikkje halda fram med det
ugudelege huset Anker fekk i stand.

På ei ungdoms-stemna, der vi laut ty til kyrkja for
uver skuld, heldt eg foredrag um Heilag Olav, og bad
lyden syngja verset: På det landet Olav malte korset
med sitt blod. Der var tvo prestar til stades; dei riste
på hovudet, og tagde; mange andre sameleis. Men
ungdomen song med. Og klokkaren sa til meg etterpå:
Det er då godt å få litt friskt ver inn i kyrkja.

I 1905 song dei «Ja vi elsker» i mange norske kyrkjer.
No stend den songen i Landstads reviderte salmebok,
og Nor dråks tone i den godkjende koralboki.

Ein 17. mai fekk vi folkefest i det frie, med taler,
song og upplesing (or «Haugtussa» og or «En glad gut»),
og so sekkelaup for smågutane, men då kom ein av
mine kristne vener burt til meg: Nei Anker, Anker,
hot e de du finn på ?

#

Til ei ungdoms-stemna i Skien hadde vi bede
Christopher Bruun koma og tala. Det var nok ein
raud klut for mange. Ein emissær sa ein gong: Det
er ingen som er so hata av det kristelege lækfolket
som han Christopher Bruun! Bruun hadde gjeve deim
ei ålvorleg påminning med kritikk av deira moral.

Men det var fleire talarar det kristelege lækfolket
var misnøgde med på stemna i Skien. Ein av våre beste
emissærar skreiv i bladi: Skal dette vera kristelegt
ungdoms-arbeid ? Halfdan Møller hadde tala um
sundags-saki. Attåt gudstenesta i kyrkja og
helgedags-tenesta i heimen nemnde han ungdoms-samkomene
sundagskvelden; han hermde Ivar Aasen: Dusundags-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free