- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
24

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24

i våre ungdomslag». Uventa klårna det upp ved
mid-dags-tid. Utferdi kom i stand.

Presten Torstein Gunnarson og lærar Thomassen
frå Råde heldt foredrag. Dei hadde skift emnet seg
imillom, soleis at Gunnarson tok kvantiteten,
Thomassen kvaliteten! d. v. s. Gunnarson tala um kor mykje
religiøst stoff vi burde ha, og Thomassen um kva slag.

Gunnarson var lærd, bruka ei mengd framand-ord.
Ei syster mi kom midt i foredraget og spurde meg:
Kva er eit «konglomerat av heterogene størrelser» ?
Det er det same som lapskaus, svara eg. Gunnarson
peika på at «kvaliteten i regelen er umvendt proporsjonal
med kvantiteten». Folk som var møtt fram til
«upp-byggelse», skyna lite av det heile. Men «konklusjonen»
skyna dei: i våre ungdomslag bør vi ha mest humant
belærende stoff, dernæst humant opbyggelig (d. v. s.
moro), dernæst religiøst belærende, og minst religiøst
opbyggelig stoff; berre soleis vilde dette siste verta
fyrste rangs, som det alltid burde vera.

Foredraget hadde gjeve framifrå grunnlag for
ordskifte, berre det hadde vore innan fire vegger, millom
tenksame ungdoms-arbeidarar. Men her ute — stod
folk og måpa: Kva slags kristendom var dette?

So kom Thomassen på talarstolen. Han hermde
nokre ord av Thv. Klaveness ved avduking av
Wexels-bysta i Oslo: Vi lyt no knyta kristendomen i Noreg
att-ende til gruntvigianismen. Thomassen tala godt
og varmt og frisynt. Han peika m. a. på at ein
ungdoms-leidar måtte «som Odin i Lidskjalv skue vidt og
fritt ut i verden». Men foredraget hans var som ei
røyst frå ei onnor verd. Stemningi hjå møte-lyden var
millom undring og uvilje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free