- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
26

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

Men folk var so uppøste, at dei jamen stod og
stampa med føtene, og sa halvhøgt: Ti still med deg!

Eg bad um ordet. Nei, sa Wåge, nu vil vi til
Hoveskoven. «Berre ein minutt, professor!» Då Gunnarson
slutta, sa Wåge: sogneprest Anker har ordet. Nei,
ropa folk, no vil vi ha slutt på dette. «Han har lovet
han skal klare sig med ett minutt.» Dermed gjekk det
ein smil yver forsamlingi. Den eine minutten nytta
eg til desse ordi: «Stemningi er slik her no, at hadde det
vore i millomalderen, vilde de kveikt eit bål på haugen
derburte og brent Gunnarson og Thomassen som
kjet-tarar (Nei! sa Wåge bak meg; det vilde han ikkje
vore med på!); men dei er då kristne menner desse
tvo, som hev tala etter sitt kristne samvit! Um vi
ikkje er samde med dei, må vi då tola å høyra dei!
Kom i hug det gamle ordet: Enighet i det vesentlige,
fordragelighet i det uvesentlige, kjærlighet i alt!»

Hognestad, som hadde vore manuduktør for
Gunnarson, minte han um noko han hadde lagt han på
hjarta: Minnest du ikkje eg sa med deg at du må tala
slik at folk skynar deg?

Då eg mange år etterpå minte Gunnarson um denne
stemna, sa han: Det var i stein-alderen det!

Og so gjekk vi til Hove-skogen, og song: Dei vil
alltid klaga og kyta. Wåge song ogso med.

Ein arendalitt sa til meg: Det var godt De kom

med de ordene til slutt, her var blitt så uhyggelig.

*



Ja eg var godt kjend i Arendal, hadde vore kst.
kordeikn der i 3 år, den siste kordeikn i landet. Der
var eg jamt saman med prost Irgens, ein «erkeprost»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free